Ud-3/08 A -- Flytting av utdanningsprogram Medium og kommunikasjon frå Atlanten vgs til Kristiansund vgs

(tilbake til hovedsak)

Bakgrunn

I samband med sak Ud-30/07 A — Skolebruksplanen 2008 – 2011 vart det lagt fram forslag om å flytte Medium og kommunikasjon frå Atlanten vgs til Kristiansund vgs.

Utdanningsutvalet fatta følgjande vedtak;

”Utdanningsutvalet tar sakutredninga ”Flytting av program frå Atlanten videregående skole til Kristiansund videregående skole” til førebels orientering.

Utdanningsutvalet bed om å få førelagt ei utredning frå administrasjonen der og dei faglege perspektiv ved eventuell flytting av program Medier og kommunikasjon synleggjerast, samt talfesting av økonomiske konsekvensar for dei ulike alternativa. Utredninga leggjast fram i eiga sak for Utdanningsutvalet på møtet i februar.

Møre og Romsdal fylke har engasjert seg i arbeide for å få eit sterkare høgskoletilbod i Kristiansund, og Utdanningsutvalet henstiller derfor om at utredninga det her bes om og vurderer mogligheita for framtidig lokalisering av høgskoletilbodet i lokalar som i dag disponerast av Kristiansund videregående skole.”

Skolebruksplana

Til grunn for denne saka ligg vedteken skulebruksplan frå Ud-30/07.

Elevgrunnlag
Elevtalet i inntaksregion for Kristiansund (ytre Nordmøre) vil minke, noko som betyr at ein må redusere kapasiteten ved Kristiansund vgs og Atlanten vgs i høve 2008, jf. og vedteke skolebruksplan.

Skolebruksplana
Atlanten vgs er dimensjonert med følgjande tilbod dei komande åra (etter 2010):

Programområde Atlanten vgs Elevar
Studiespesialiserande program 336
Medier og kommunikasjon 87
Idrettsfag 87
Musikk, dans og drama 83
SUM 593

Tabell 1

Kristiansund vgs er dimensjonert med følgjande tilbod de komande åra (etter 2010):

Programområde Kristiansund vgs Elevar
Studiespesialiserande program - formgjeving 42
Service og samferdsel 75
Helse og sosialfag 105
Design og handverk 69
Restaurant og matfag 69
Bygg og anleggsteknikk 73
Elektrofag 108
Teknikk og industriell produksjon 126
Tekniske allmenne fag 96
SP påbygging 60
Teknisk fagskole 110
SUM 933

Tabell 2

Planlagde byggjeaktivitetar

Utbygging av dei vidaregåande skolane i Kristiansund er greid ut i sak T-48/05 (U-90/05 A) A — ATLANTEN VIDEREGÅENDE SKOLE, KRISTIANSUND VIDEREGÅENDE SKOLE - FØREBELS PROGRAM/UTVIKLINGSPLAN.

Denne plana baserar seg på tre alternative scenarier kor Medier og kommunikasjon (MK) og Formgjeving (FO) er alternativt plassert på dei ulike skolane.

Alternativ 1: Både MK og FO er lagt til Atlanten vgs.
Alternativ 2: Berre MK eller FO er lagt til Atlanten vgs.
Alternativ 3: Både MK og FO er lagt til Kristiansund vgs.

Atlanten vgs
Skolen vert no rehabilitert med omsyn til kantine, administrasjon og bibliotek. Dette arbeidet er ferdig til sommaren 2008.

Behovet for nye areal er vil vere avhengig av utdanningsprogramma og elevtalet skolen blir dimensjonerast for. Nye areal kan og vere leigde areal, i dag leiger skolen undervisningslokale i Nordvesthallen. Full utbygging gjer at ein må byggje ut skolen både mot aust og vest. For å gi skolen funksjonar som ein ikkje har idag, t.d. auditorium, kan ein gjere ei mindre ombygging med bygg på austsida av skolen.

Kristiansund vgs
Skolen hadde 14 ulike bygg når arbeidet med utviklingsplana starta opp og med stor forskjell i kvaliteten på bygga. Skolen hadde også mykje meir areal enn eit berekna behov, noko som skuldast både utnytting av skolebygga og arealløysingar i dei einskilde bygga.
Ein har difor starta med å effektivisere arealbruken i bygg 2 (laboratoriebygget). Samstundes er fleire av dei dårlegaste bygga allereie tatt ut av bruk (mellom anna bygg 5 og 14).

Utviklingsplana for skolen har lagt opp til eit løp der ein tar omsyn til flytting av tilbod til nyopprusta bygg, og ein får tømt bygg slik at dei kan opprustast. Dette er viktig med omsyn til dei første bygga, men ein må nok justere plana løpande med byggearbeida. For å få til denne elevlogistikken har ein difor lagt ei framdriftsplan for rehabilitering av dei ulike bygga på St. Hanshaugen. Bygg 3 (”navigasjonsskolen”) vart difor ikkje teke med i dei første byggestega. Etter at ein starta planarbeidet i Kristiansund har ein har fått pålegg frå Arbeidstilsynet som gjeld m.a. bygg 3. Nødvendige tiltak vil mest sannsynleg medføre full rehabilitering av bygget. Før ein startar med tiltak er det nødvendig å ha klårlagt kva for tilbod som skal plasserast i bygget.

Dei tre alternativa for lokalisering av formgjevingsfaget og medium og kommunikasjon i Kristiansund har alle konsekvensar for utnytting av bygg 3. I det første alternativet kan ein omtrent ta heile bygget ut av drift, i det andre alternativet vil ein ha ein mykje ledig kapasitet og i det tredje alternativet vil kapasiteten i bygg 3 vere fullt utnytta, jf. tabell 3.

Alternativ Elevar ved Kr.sund Ledig nettoareal i bygg 3
1: FO og MK ved Atlanten 891 1268 m2 (*)
2: MK ved Atlanten, FO ved Kristiansund 933 625 m2 (*)
3: FO og MK ved Kristiansund 1071 16 m2

(*) Tala er noko justert i høve til skulebruksplana.
Tabell 3

Same kva for alternativ ein vel må bygg 3 rehabiliterast fordi bygget skal brukast til undervisningsformål, m.a. skal utdanningsprogrammet Design og handverk lokaliserast der.

Arealbehov Atlanten vgs

For dei tre alternativa har ein og gjort eit overslag over eit utbyggingsbehov ved Atlanten vgs, jf. tabell 4.

Alternativ Elevar ved Atlanten Utbyggingsbehov
1: FO og MK ved Atlanten 635 Ca 3000 m2 (*)
2: FO ved Atlanten, MK ved Kristiansund 593 Ca 2000 m2 (*)
3: FO og MK ved Kristiansund 510 Ca 1000 m2 (*)

(*) Tala er noko justert i høve til skulebruksplana.
Tabell 4

Etter at byggetrinn 1 (kantine, bibliotek, adm.areal, gr.rom) ved Atlanten vgs er ferdigstilt til sommaren 2008, vil skolen spesielt mangle auditorium. Behovet for tilleggsareal ved skolen vil vere i storleiken 400 – 700 m2 netto avhengig av kor mange elevar skolen skal dimensjonerast for og areal som vert leigd til undervisning.

Struktur og programfag

For dei fleste elevane er utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon eit treårig løp som gjev generell studiekompetanse. I tillegg til det gir ein i fylket og tilbod om Vg3 Mediedesign. Forutan kryssløpet IKT-servicefaget er det berre mediegrafikarfaget og fotograffaget som er lærefag i strukturen for programmet. Per dato har ein berre ein løpande lærekontrakt i mediegrafikarfaget.

I Kristiansund legg ein til rette for eit treårig løp med generell studiekompetanse.

I tabell 5 har ein forsøkt å sette opp ei samanstilling av felles programfag (FP) og programfag til val (PV) for dei fem utdanningsprogramma medium og kommunikasjon (MK), musikk, dans og drama (MDD), design og handverk (DH), studiespesialiserande program med formgjeving (SP/FO) og studiespesialisering innafor samfunnsfag og økonomi.

Felles programfag/Programfag til val MK MDD DH SP/FO SP/samfunnsfag og økonomi
Design og arkitektur (FP) X
Visuelle kunstfag (FP) X
Scenografi og kostyme (PV) X
Trykk og foto (PV) X
Visuell kultur og samfunn (FP) X
Kvalitet og dokumentasjon (FP-Vg1) X*
Produksjon (FP- Vg1) X*
-design (FP-Vg2) X*
Musikk, dans og drama (FP) X
Bevegelse (PV) X
Danseteknikker (PV) X
Lytting (PV) X
Musikk (PV) X
Teaterensemble (PV) X
Mediedesign og medieuttrykk (FP) X
Mediekommunikasjon (FP) X
Medieproduksjon (FP) X
Media og informasjonskunnskap (PV) X

Tabell 5
*Dei felles programfaga innafor design og handverk -Kvalitet og dokumentasjon, produksjon og ”fagtilpassa” design - inneheld element frå programfag frå andre utdanningsprogram. Sitat frå læreplanomtalen av programfaga:
”Gjennom egne og medelevers ulike arbeider skal elevene utvikle forståelse for produksjonsprosesser i design- og håndverksyrker og videre utdanningsmuligheter. Opplæringen skal legge vekt på praktisk og skapende arbeid med relevante materialer, redskaper og teknikker. Det skal legges til rette for samarbeid med kunder, brukere og andre medarbeidere. Gjennom opplæringen skal det skapes kultur for innovasjon og nyskapning for å fremme entreprenørskap i yrkesfagene innen utdanningsprogrammet.”

Utan å gå i detalj i innhaldet i læreplanane kan ein likevel slå fast at programmet medium og kommunikasjon i alle fall har like mange samanfallande fagtema med programma formgiving og design og handverk som med programma musikk, dans og drama og studiespesialisering. Eit anna moment er at det er større moglegheiter for rasjonell sambruk av teknisk utstyr, materiell og lokale med samlokalisering av SP/FO, DH og MK, t.d. gjer både MK, SP/FO og DH bruk av ”tunge” grafiske applikasjonar.

Når det gjeld kulturarrangement i Kristiansund er det viktig at ein kan kombinere kompetanse frå aktuelle utdanningsprogram same kva for skole i byen dei representerer. Etter fylkesutdanningsdirektøren sitt syn er det difor viktig at samarbeidet mellom skolane fungerer godt, slik at lokalisering av tilboda ikkje er bestemmande for deltaking i kulturarrangement og andre arrangement skolane er med i.

Økonomi

For å behalde MK på Atlanten i høvelege lokalar tilpassa dagens standardar for undervisningslokale må ein byggje ut skulen med om lag 1000 kvm. Med ein nybyggkostnad på om lag 25 000,-/m2 (eks. mva.) vil dette koste om lag 25 mill. kr. eks. mva.

For å ta i bruk bygg 3 ved Kristiansund vgs må det rehabiliterast same kva for tilbod som vert lokalisert til bygget. Bygg 3 har pålegg om utbetring frå Arbeidstilsynet. Kostnaden ved varme og ventilasjonsanlegg og bygningstilpassingar er førebels vurdert til om lag 15. mill. kr. eks. mva. I tillegg kjem kostnader knytt til ombygging/tilpassing til utdanningsprogram og elevkapasitet. Totalt, inkl. varme og ventilasjon, vil ei rehabilitering og tilpassing av lokala kunne bli på 25-30 mill. kr. eks. mva.

Ved å flytte MK til Kristiansund vgs når bygg 3 er rehabilitert, får ein ei god arealutnytting av bygget og ein treng berre ei redusert utbygging ved Atlanten vgs. Innsparinga er såleis om lag 25 mill. kr. ekskl. mva. ved å flytte MK til Kristiansund vgs. Alternativet er at ein får ubrukte lokale i bygg 3 ved skolen i tillegg til ein nybyggkostnad på om lag 25. mill. kr. ekskl. mva ved Atlanten vgs, jf. tabell 6.

Ein ser det ikkje mogleg å få leigd lokala til eksterne aktørar per dags dato.

Tabell over kostnader:

MK til Kristiansund MK til Atlanten
Nybygg 25.000.000,-
Rehabilitering bygg 3 30.000.000 30.000.000,-
SUM 30.000.000,- 55.000.000,-

Tabell 6

Høgskule

I diskusjonen rundt utnytting av bygg 03 på Kristiansund har ein ønska å få vurdert lokalisering av eit eventuelt høgskuletilbod til skolen. Ein har ikkje fått noko konkret innspel frå næringslivet eller høgskolane i fylket om eit slikt samarbeid og lokalisering av høgskoletilbod.
Alternativet for å lokalisere høgskoletilbod til St. Hanshaugen er å leige ut ledige lokale i bygg 3, men ei leigeinntekt vil ikkje kunne forsvare nødvendig investering i eit MK-nybygg ved Atlanten vgs. Det er og veldig usikkert om der er nok areal igjen i bygg 03 til å kunne drive høgskole der med dei funksjonane ein treng.
Alternativet er da at høgskolen får leige heile bygg 03. Dette vil få svært store kostnader knytt til lokalisering av vidaregåande opplæringstilbod.

Framdrift

I utviklingsplanen er det planlagt å ruste opp bygga i følgjande rekkefølgje;
Bygg 2, bygg 7, bygg 9, bygg 3.

I samband med vidare arbeide på skulen må ein sjå på rekkefølgja etter at ein har rusta opp bygg 7.

Bygg 13 (Bråtthallen) har fylket leigeavtale på, og ei eventuell ombygging må skje gjennom utleigar.

Framdrifta til prosjektet er avhengig av finansieringa i økonomiplana. Med tilstrekkelig finansiering vil ein kunne flytte MK frå Atlanten tidligast hausten 2010.

Oppsummering

Ved å flytte MK til Kristiansund vgs reduserer ein utbyggingsbehovet på Atlanten med om lag 25 millionar kroner. Dette vert og kostnadsreduksjonen ved flyttinga fordi bygg 3 må rustast opp uansett lokalisering av tilbod. Bygg 3 på Kristiansund vgs må opprustast grunna pålegg frå Arbeidsstilsynet, og truleg må opprustinga framskundast i høve opphavlege planar.

I tillegg til ei betre arealutnytting av bygg 3 ved Kristiansund vgs ved å samlokalisere MK med Design handverk og Formgjeving, får ein og god utnytting av dei funksjonane tilboda har felles.

Forslag til vedtak:

Utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon i Kristiansund vert lokalisert til Kristiansund vgs når bygg 3 er ferdig rehabilitert.

Per Hoem
fylkesutdanningsdirektør
(tilbake til hovedsak)

Unless otherwise stated, the content of this page is licensed under Creative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 License